Roy Søftings slektssider Anene til Roy Søfting - og veldig mange fra dagens kommuner, Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Hemnes, Leirfjord, Herøy, Dønna, Vega, Tjøtta, Alstahaug, Velfjord, Vevelstad, Rana, Nesna, Træna og Lurøy.
Han var den siste "norske" kongen av Norge 1299-1319. Døde 8. mai 1319 i Tunsberghus. Begravet i Mariakirken i Oslo.
Han er kjend for bygginga av Akershus festning, Båhus festning og Vardøhus festning.
Saman med dronning Eufemia av Arnstein fekk han dottera Ingeborg Håkondotter. Utanom ekteskap vart han saman med Gro Sigurdsdotter far til Agnes Håkondotter. Ingeborg Håkondotter vart gift med den svenske hertugen Erik Magnusson av Södermanland. Med Håkon døydde Sverreætta ut på mannssida og Erik og Ingebjørg sin son Magnus Eriksson vart 1319 konge både i Noreg og Sverige. Levningane til Kong Håkon V og dronning Eufemia blei overførde til Akershus festning i 1982. Håkon V såg si kongsgjerning i eit kristent perspektiv. Han gav påbod om å laga overnattingsstadar for pilegrimar på veg til Nidaros.
I Mariakyrkja i Oslo fanst eit Håkons-alter, og det vert fortald at kongen heilt til inn i det 16. hundreåret vart halden for å vera ein helgen.
Håkon Magnusson flytta hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Oslo og bygde dei utanrikspolitiske linene sine austover. Det gjekk mot den lina den tidlegare kongemakta hadde fulgt, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å halde på og sikre «Noregsveldet». Då han tok makta etter Eirik II Magnusson sørga han òg for å fjerne medlemmer frå det tidlegare kongsrådet, mellom anna baron Audun Hugleikson Hestakorn, som vart arrestert like etter kroninga og sidan hengd på Nordnes i Bergen tre år seinare, i 1302.